«De er visst ikkje mange norske bygdar som hev fostra so glupe spelemennar som Tinn,» skriv Rikard Berge i Tinnsoga. Utgjevinga av Rjukanfossen. Slåttar i Tinn-tradisjonlyfter fram slåttetradisjonen i Tinn representert ved to av dei fremste utøvarane i vår eiga tid – spelemannsbrørne Gunnar (1902-1988) og Johannes (18901980) Dahle. Basert på NRK-opptak syner denne utgjevinga utviklinga og modningsprosessen ein spelemann går igjennom i ulike livsfaser; den unge utøvaren – den modne utøvaren – den eldre utøvaren. Gjennom utvalde innspelingar på ein dobbel-CD illustrerer utgjevinga den personlege, kunstnarlege utviklinga hos to spelemannsbrør som i utgangspunktet lærde dei same slåttane av den same læremeistaren, men som musikalsk utvikla seg i kvar si lei.
Slåttespelet i Tinn er eit referansepunkt innan hardingfeletradisjonen i Noreg. Tinn-tradisjonen er prega av ein sermerkt tonalitet som er sjeldan å høyre i dag. Tradisjon har røter langt attende i tida. Utøvarane har levd og verka i heile den regionen vi i dag kallar Tinn kommune, frå Austbygda i øst til Møsvatn i vest. Ein av dei fyrste vi kjenner til, er legendariske Brynjulv Olson, truleg fødd om lag 1730. Frå han går tradisjonen vidare gjennom sonen hans, Knut Brynjulvson Sønnstaul, Svadde. I hans samtid var Lurås-brørne Knut, Øystein og Thomas mellom dei fremste spelemennene. Frå Knut Lurås gjeng tradisjonslina til Håvard Gibøen på Møsstrond. Han vart sidan den viktigaste læremeistaren til Knut Dahle, dottersonen til Knut Brynjulvson Sønnstaul. Frå Knut gjekk tradisjonen vidare til sønesønene Johannes og Gunnar.
Ingen spelemann har spelt inn så mange slåttar for folkemusikkarkivet i NRK og Norsk Folkemusikksamling som Johannes Dahle. Han er difor ei viktig kjelde som dokumentasjon på korleis dei eldste slåtteformene vart skapte og utforma