Den store stuten

Artister

Mari Ormberg & Kari Røynlid

kr 170

CDen er del av ei større satsing på folkemusikken i Åseral. På Minne kultursenter skal utstillinga om folkemusikk vidareutviklast med fyldigare tekstar og fleire gjenstandar, det skal lagast ein film om folkemusikken i Åseral som skal visast på Minne, og det skal lagast skuleopplegg.

Åseral er eit av tradisjonsområda som kan ta oss lengst tilbake i tid, til ein eldre tonalitet, eldre slåtteformer og ei skattekiste av gamle folkesongar. Dei eldste songane er traderte like frå mellomalderen. Voksrullopptak frå tidleg 1920-tal av song og spel i Åseral, gir oss ein unik tilgang til dei eldste kjeldene og deira måte å syngje og spele på.

Dette prosjektet er viktig for å halde folkemusikktradisjonen i Åseral levande, for å vidareføre dei spesielt gamle stilistiske trekka folkemusikken i Åseral enno har, og for å synleggjere tradisjonen både i distriktet og i folkemusikkmiljøet elles i landet.

Kari Røynlid er fødd og oppvaksen i Åseral, og har lært folkesong direkte av dei gamle kjeldene i grenda. Mest har ho lært av Ingebjørg Liestøl, Jens Røynlid og Kari Røynlid (d.e.).

Mari Ormberg spelar hardingfele og har bachellorgrad i utøvande folkemusikk. Ho har jobba med slåttespelet i Åseral sidan ho flytte hit i 2010, og har tidlegare lært setesdalsspel av Vidar Lande.

Produktnummer: EM120