Kjømeistersongar
Artister |
Olav Steffen Eide |
---|
kr 300
EM75 / 2012
Denne CD-produksjonen dokumenterer kjøkemeistertradisjonar gjennom fem generasjonar og er såleis eit viktig kulturhistorisk bidrag til ein del av den norske vokale folkemusikktradisjonen. Her kan ein lesa, lytte og lære om ein tradisjon skapt for ei tid då bryllaup vara i tre dagar til ende. Steffen Eide har samla 50 kjøke-meisterviser som alle er teke med her, med både tekst og notar, og 40 av dei er sunge inn. Her er både kjende og ukjende melo-diar. Legg òg merke til Eide sin karakteristiske syngjestil – den litt høgtidlege framføringa og den i hovudsak bokstavtru ”danske” uttala.
Sjølv om delar av dei tradisjonelle seremoniane og rollene har endra seg, kan boka lesast med moderne briller. Eg trur boka og utvalde songar i ho, kan fungere godt òg i moderne samanheng, framført av ein kyndig kjøkemeister. Boka kan vera både ei bruksbok og ei in-spirasjonskjelde til å dikte sjølv og nyttast til å kaste glans over bryl-laupsfestar og andre gilde lag. I nokre av visene er det ein under-fundig humor. Nokre gonger kan ein alderdommeleg tekst, skriven for ei anna tid, nennsamt framført med gravalvor og fynd, fungere festleg i ein moderne setting. I dag er det toastmaster og seremon-imeister som har teke over ein del av kjøkemeisterens tradisjonelle rolle. Repertoaret som er samla her, syner nettopp kjøkemeisterens allsidige og omfattande oppgåve, som til dømes tittelen ”Vers til å leie brua til sengs” tyder på. Nokre av visene er ikkje direkte knytte til det seremonielle, men er meint som rein underhaldning.
Takk til Agnes Buen Garnås om tok initiativ til prosjektet, og takk til Ingrid Gjertsen og Steffen Eide for solide skriftlege, faglege bidrag. Eg har vald å nytte Eide sine eigne kommentarar til songane då dei gjev god og nyttig informasjon. Eides fine hardingmål gjev dessutan ekstra karakter til opplevinga av visene.
Takk òg til alle som har gjeve økonomisk støtte til prosjektet; Norsk kulturråd, både musikksek¬sjonen ved Kulturfondet, og bokdelen (nynorsk litteratur). Vidare MFO, Rådet for folkemusikk og folke-dans, Norsk kvedarforum og Hordaland fylkeskommune.