Hardingfelespelemann Frå Håvet i Hal

Artister

Kristian Øvrevollseie

kr 300

EM78 / 2010

KRISTIAN ØVREVOLLSEIE – HARDINGFELESPELEMANN FRÅ HÅVET IHALLINGDAL – GUNNLAUG LIEN MYHR, ØYVIND BRABANDT, INGUNN STRÆTE LIE, ARNE ANDERDAL OG OLAV L. MJELVA

Kristian Øvrevollseie (1910-73) var ein av dei mest sentrale spelemenn i Hallingdal i si samtid. Han utvikla ein særprega spelteknikk, med stor klang og særs ornamentrik fingerbruk.

Ein kan seie at han måla med brei pensel, samstundes som han hadde stor detaljrikdom. ”Du har blomar i fingrane dine du, Kristian”, skal telemarkspelemannen Johannes Dahle, ha sagt til han ei gong.

Øvrevollseie var nøye med å ta vare på slåttane han hadde etter eldre spelemenn. Han uttrykte stor respekt for kjeldene sine, og ansvaret for å vidareføre musikken han fekk lære av dei. Som det ofte er dei beste spelemennene sitt privilegium, så åtte han òg den musikalske gjevnaden og dragnaden til å forme ut enkle slåttestubbar til større slåttar. Desse slåtteformene har naturleg vorte tekne opp i repertoaret til fleire av dagens spelemenn frå Hallingdal.

Han var myke brukt som spelemann i lyd og lag, spelte inn mykje på opptak og han var viljug til å lære frå seg slåttar til yngre spelemenn. Slik fekk han ei aktiv formidlarrolle.

Han var ein heimekjær mann, som reiste lite utanfor Hallingdal. Slåttespelet hans har difor ikkje vore so godt kjend utanfor dalføret vårt. Det er difor ei stor glede å kunne presentere denne cd-plata, som opnar litt av slåtte- skattekista etter Kristian Øvrevollseie. Dette er ekte hallingspel, odla med kjærleik og stor musikalitet.

Harald Knutsen

Produktnummer: EM78