Ein etter mor

Artister

Raabygg

kr 180

EM125 / 24.05.2019

Raabygg tek deg i handa og leier deg inn på den mangslungne stien av folkemusikk frå dei indre bygdene på Agder. Musikken er røff, var, dansbar, humoristisk og vakkert. Trioen har pakka slåttane og songane inn i sine eigne musikalske arrangement, men har likevel tradisjonen i høgsetet.

Bandet har gjennom seks år hatt konsertar i inn- og utland, spelt til dans for fulle dansegolv, og vunne Landskappleiken. I 2016 kom debutalbumet Ein etter far, og i mai 2019 slepper dei oppfølgaren “Ein etter mor”. I den anledning blir det turné både vår og haust same år. Begge albuma er gjevne ut av Etnisk musikklubb, og det siste albumet kjem ut både i Noreg og Tyskland.

På “Ein etter mor” har Raabygg fått med seg Knut Reiersrud som produsent. Han bidreg også med munnspel og piano på fleire av spora. Plata er spelt inn i Hallibakken studio i Nes i Hallingdal.

Alle medlemmene i Raabygg har mange prosjekt og jern i ilden kvar for seg, i tillegg til at dei alle tre står stødig som tradisjonelle soloutøvarar. I Raabygg blir dette til ein kraftig fusjon med rom for at kvar enkelt får vere seg sjølv i samspelet.

Johanne Flottorp – hardingfele, oktavfele, og song
Tuva Færden – hardingfele, song og lyre
Sigrid Kjetilsdotter Jore – song, harpeleik og munnharpe

ENG:
Norwegian band Raabygg invites you into its world of folk music from the inner parts of Agder. The music is rough, gentle, danceable, humorous and beautiful. The trio strongly holds their musical tradition but presents it in their own unique way. «Ein etter mor» is produced by legendary guitarist Knut Reiersrud.

SKU: EM125