Mobil:
+47 32 73 56 60
E-post:
info@etniskmusikklubb.no
Artister |
Olaf Moen & Robert Løkketangen |
---|
kr 180
EM126 / 2019
Moen og Løkketangen presenterer tradisjon og nyskaping, og har i sitt nyaste prosjekt dukka djupt i folkesongane frå kommunane aller lengst aust i Agder; Gjerstad, Vegårshei, Tvedestrand og Risør. Distriktet er hav og hei, åker og skog, noko som speglar den rike folkemusikktradisjonen her. Duoen har henta fram drikkeviser, arbeidsviser, stev og mellomalderballadar der slit og glede går hand i hand.
Folkemusikken er nærare enn folk trur. Det er ikkje berre noko som finst i Telemark og Gudbrandsdalen, men det er like mykje midt blant oss anten vi kjem frå skogbygder eller øyer, frå øydegardar eller industrisamfunn. Draumen deira er at desse songane kan bli brukt att, anten det er i heimar, foreiningar eller i godt lag.
Moen syng og Løkketangen speler, og det er sistnemnde som står bak arrangementa der det både klimprast og strykast på gitar og langeleik. Nokre av arrangementa er tydeleg bluegrass-inspirerte, nokre har ein dåm av opne og kanskje orientalskklingande klangar, og andre er solonummer med kveding i si aller reinaste form.
Moen har samla inn folkesong på eiga hand, lært av kjelder både direkte og indirekte, og ikkje minst endevendt arkiv på jakt etter lokalt songstoff. Heile tida har han vore på jakt etter å finne sin eigen stemme og form, og ligg ein stad i landskapet mellom å vere tradisjonalist og å vere nyskapande. Han er glad i det noko enkle lydbiletet der instrument og stemme får kome til sin rett. Løkketangen har sin musikalske skolering frå jazzlina ved Norges Musikkhøgskole. Der har han fokusert på jazzgitar, norsk folkemusikk, og musikk frå Appalachefjellene i USA. Robert har lenge jobba med akustisk musikk, og har arbeidd med å utvikle eigne spelemåtar på instrumenta han trakterer. Gjennom djup vyrdnad og forståing for tradisjonsmusikken og innovative spelemåtar skapar han sitt eige uttrykk.
ENG:
With their new album, «Om alt som henda har», Moen and Løkketangen present both tradition and innovation. They’ve dug deep in the folk songs from the municipalities farthest east in Agder; Gjerstad, Vegårshei, Tvedestrand and Risør. The district is sea and hey, fields and woods, something that reflects the rich folk tradition here. It’s a mix of drinking songs, work songs, staves and medieval ballads. Some of the arrangements are bluegrass-inspired, some have a hint of open and perhaps oriental-sounding sounds, and others are solo songs in their purest form.