I steinen skøre

Artister

Steingrim Haukjem

kr 180

EM124

«I steinen skøre» er en produksjon med opptak av 19 slåtter framført av Steingrim Haukjem, som levde fra 1897-1968. Han var kjent som en av de beste spelemennene i Numedal på sin tid. Ingen av slåttene har vært publisert tidligere, med Steingrim som utøver. Opptakene er private, og gjort av Reidar Rauland (tidligere leder av Kongsberg spel- og dansarlag.) Ekstra spennende er en særegen samling med runddanser.

Steingrim Haukjem (1897-1968)

Eg minnes ein fylkeslagskappleik i Veggli so midt på 1960 talet. Då høyrde eg Steingrim Haukjem spela. Og eg minnes vegglingane bar han på gullstol rundt i lokalet etter premieutdelinga. Slik var det den gongen, vegglingane såg opp til Steingrim og ville han vel. Han var helten deira.

Steingrim voks opp som eldstemann i ein syskinflokk på 11. Systera Liv sa det slik. «Me spela alle heime, men det va no Steingrim som dreiv det lengst». Det var mange spelemenn i slekta, både på fele og durspel. Morbrørne Tov og Ola spela mykje. Så det var mange kjelder å ause av for den som vilde lære. Steingrim byrja spela for alvor i 13 års alderen. Dei sa det gjekk tungt for han i starten, han lærde seint sa dei, men det han lærde det sat. Og da det brått gjekk lettare var han full spelemann alt i 16 års alderen. Faren var levande oppteken av felemusikken og han inviterte spe- lemenn til heimen i Nedre Haukjem. Ein av dei fyrste store som var der var Andres Ødegården frå Svene. Han kom og låg over fleire nettar og Steingrim lærde. Andres var kjent felemakar og fyrste fela Steingrim åtte kjøpte faren av Andres.

Steinar Herbrandson lærde av Kittil Steinarson og Steingrim lærde av Steinar att så det er klare liner her. Kittil Ulstad i sin tur lærde av far sin Steinar (1848-1899) som skulle ha vore ein svært god spelemann. Og gjennom denne slekta til Steinar Kittilson går det slektsliner tilbake til forpaktarspelemannen Kittil Nirison Høymyr (1727-1753) i Flesberg. Denne slekta har forgreiningar til Bernås, Gvåle, Ullern og Måheimsrud i Tinn. Løytnantsdrengspelet låg i Glaimslekta må ein kunne seia for Ingebjørg Glaim f 1788 vart gift med Pål Knutson Løytnantsdreng (1786-1867).

Jamaldringar og sambygdingar av Steingrim var Brekkekarane, Sebjørn og Herbrand. Begge svært ettertrakta spelemenn og dansemusikken deira slo ingen. Det særmerkte runddanspelet Steingrim viser fram her på denne plata har rot i tradisjonen slik han var i Veggli.

Steingrim ville noko med spelet sitt. Han vilde meir enn dei andre i bygda. Han vilde ut og lære, drog til Tinn der han fekk innpass hjå Knut Dahle og Steingrim lærde. Fyrste gongen eg høyrde voksrullopptak med Knut Dahle vart eg slått av kor likt det var Steingrim sitt spel, eit godt døme er Skuldalsbrure i Gibøform. Steingrim vart populær i Tinn. Han var stadig over på spelferd og han fekk gode vener der vest. Ein gong sat han og spela i eit eldhus på ein gard i Austbygde. Olav Flåto frå Hovin sto i dynne og høyrde på og han sa etterpå at det var noko av det voldsomaste han hadde høyrt. Steingrim likte seg i Tinn, her fekk han lære spel etter at Steinar Glaim døydde i 1919. Han lærde mange slåttar av Gisle Måheimsrud, men og av andre. Men han drog lenger vest og, i Vinje lærde han slåttar av Øystein Hovdestad. Og han var saman med Lars Hovden. Soleis følgde han opp kontakten med Numedal og Øvre Telemark.

Med åro var Steingrim med på utallege kappleikar. Han spela ofte gangaren Oskehølen på kappleikar, springarane varierte han meir. Og han vann mange kappleikar, men det at andre skjenkte konkurrentane er ikkje ei myte, Steingrim vart offer for det. Mange skjenkte han dugeleg for å setja han ut. Det førde til at drykken etter kvart styrde livet åt kunstnaren Steingrim Haukjem og i rus endte han sine dagar på Kongsberg. Ein sørgjeleg utgang på eit rikt spelemannsliv.

Even Tråen

(ENG)

«I steinen skøre» is an album of 19 recordings of fiddler Steingrim Haukjem.

Steingrim Haukjem (1897-1968) was known as one of the best fiddlers in Numedal. These tunes have never been released with Haukjem as the performer, until now. Recordings are private, made by Reidar Rauland (former leader of Kongsberg spel- og dansarlag), among them is a special collection of old dances.

Produktnummer: EM124