Himlaleite – Songar av Fliflet og Fløgstad

Artister

Trio Alde

kr 180

EM127 / 29.1 2021

Trio Alde er tre av våre mest fargesterke folkemusikarar: Gabriel Fliflet (trekkspel, piano, song), Berit Opheim (song) og Jorun Marie Kvernberg (feler, song m.m.).
På plata Himlaleite gir dei oss songar med tekst av Kjartan Fløgstad og musikk av Gabriel Fliflet; eventyrlege historier, naturlyrikk og voggesongar – eit breitt spenn frå stille nynning og blåtonar til driv og dansetakt. Songar som går sine eigne stiar. Lengting, liv og song!

Kjartan Fløgstad er ein av dei store forfattarane i landet vårt. Han er glad i musikk, og har i heile sitt forfattarliv dikta songtekstar, som har dukka opp både i og utanfor romanane hans. Spennet er vidt, frå vare voggeviser til frodige historier, frå naturlyrikk til songar om kjærleik på skrinn grunn.

Musikar og musikkmakar Gabriel Fliflet har laga musikk til mange av Fløgstads songtekstar. Dei to har hatt eit fruktbart samarbeid dei siste åra. Fliflets melodiar er melodiøse, men går gjerne litt uventa vegar. I fleire av dei kan du høyra at komponisten ikkje berre trivst på konsertscena, men òg er glad i å spela til dans: Vals og reinlendar, tango og ulike balkandansar!

Trio Alde:
I alde: stor havbåre, dønning
II alde: hagefrukt

Berit Opheim frå Voss er vokalist i særklasse. Ho er folkesongar og tradisjonsberar, men ho har òg briljert som Nattas dronning i Mozarts Tryllefløyta og trollbunde Carnegie Hall med tidlegmusikk i Trio Mediaeval. Berit har vunne eit berg med prisar og samarbeidd med ei rekke framståande musikarar innan både folkemusikk, jazz, barokk, samtids- og klassisk musikk.

Jorun Marie Kvernberg kjem frå Fræna i Romsdal, og er ein felespelar med glød — både på vanleg fele og på hardingfele. Spelar harpeleik (zither) og syng gjer ho òg! Jorun Marie har vore ei drivkraft i folkemusikkgruppene Majorstuen, Tindra og Kviven duo. Ho er ein produktiv komponist i vise- og folkemusikkstil, som har vunne mange prisar.

Gabriel Fliflet er bergensar, og ein musikar og musikkmakar som boltrar seg i mange folkelege musikktradisjonar. Mange kjenner han som trekkspelar og noko ustyrleg vokalist i duoen Fliflet/Hamre. Gabriel har samarbeidd med Berit Opheim sidan slutten av 1980-talet, og med Jorun Marie Kvernberg sidan 2012. Fliflet har komponert verk til m.a. Festspillene i Bergen og Vossajazz, og tonesett forfattarar som Jon Fosse, Ragnar Hovland og Robert Burns.

Alle songtekstar: Kjartan Fløgstad
Alle melodiar: Gabriel Fliflet
Alle musikkarrangement: Gabriel Fliflet, Jorun Marie Kvernberg og Berit Opheim
Produsent og lydsjef: Kato Ådland
Plata er spelt inn på Ole Bull Akademiet på Voss 8.—10. juni 2020.
Miksa av Kato Ådland i Fort Knox studio, Bergen, oktober—november 2020.
Design: Tønnes Gundersen
Foto på framsida: Pål M. Smørvik

Trio Aldes motto: Lengting, liv og song

Utgjevinga er støtta av Vestmannalaget, Fond for utøvende kunstnere, Bergen kommune og Kjartan Fløgstad.

Produktnummer: EM127