Einpikkar’n

Artister

Ulf Arne Johannesen

kr 180

EM104 / 2012

Ulf-Arne Johannessen frå musikkbygda Ål i Hallingdal er ein unik artist. Han spelar springar og halling på einraders durspel, einpikkar som ein si i Hallingdal, på ein måte som ingen annan gjer han etter. Det er energisk, distinkt, avklåra musikk med eit dansedriv som han er åleine om. Dette heng nok saman med at han sjølv er dansar. Til vanleg er spelemenn bundne til spelemannskrakken eller scenen. Sjølv om dei spelar til dans i årevis, er dei ikkje dansarar sjølve, og manglar difor ofte den snerten og tyngdemarkeringa som dansarane er ute etter. Ulf-Arne er mangeårig medlem i dansegruppa FRIKAR og er norsk meister i solo bygdedans med sine framføringar av halling (lausdans) og hallingspringar (pardans).

Han veit difor korleis låttane skal spelast for å få fram god og engasjerande dans. Dei skal vera formfaste, intense og ha rytmisk driv. Målet for spelemannen er å overføre energi, oppnå jamn framdrift og «bølgjande ro» til dansarane. Hugs at dette er bruksmusikk og at dansen i ei samkome kan gå i timesvis. Difor må dan- sarane på golvet kunne «kvile» i den musikken som rår grunnen der og då. Ekstra moro er det når spelemannen kjem «på skôt» (i stemning) og blir inspirert slik at han tek til å leike med rytma og manipulere tonane med å «forkorte» eller «strek- kje» enkelte taktar.

Springar og halling på einraders durspel er ikkje dagleg kost. Det er ein under- kjent tradisjon i det norske folkemusikkmiljøet. Einradaren kom til Hallingdal på 1870-talet.
Tradisjonen med å spele bygdedans(springar og laus/halling) på durspel i Halling- dal er noko av det mest særmerkte og stadeigne ein har i norsk folkemusikk. Då einpikkaren kom til Norge på1850-talet vart han raskt populær, ettersom den gav kraftig lyd og var meir markert i takta enn fela, noko dansarane sette pris på.

I tillegg var instrumentet lett å få tak i og enklare å meistre.
I byrjinga var det særleg trekkspelet frå Magdeburg i Tyskland, populært kalla Magdeburger, som vart brukt, men etterkort tok Hohner, også frå Tyskland, meir og meir over og er idag stort sett det einaste som blir brukt i Hallingdal. Ulf-Arne speler på 4 ulike einraderar på plata, alle Hohner; to i c-dur, ein i g-dur og ein i d- dur.

ENG:

Springar and halling on the diatonic one-row accordion is not daily fare. It is a Norwegian folk music tradition that has received little recognition. The instrument arrived in Oslo around 1850 and spread to inland rural communities in the 1870s. Its two-row relative arrived on the scene later, along with popular couple dances like waltz, reinlender, polka and mazurka. From around 1920, charming recording artists with rapid fingering dominated the scene until the five-row chromatic accordion and popular hits took over, about a decade later.

The repertoire Ulf-Arne presents here dates back to the period before 1900, when springar (triple meter) and halling (duple meter) were the sole dance forms in the valley. Interestingly enough, many old local diatonic accordion tunes have survived parallel to the repertoire of fiddlers in the same area. According to Jon Faukstad at the Norwegian Academy of Music, this phenomenon is unique to the traditional music of Hallingdal valley. It is due to a continued interest in traditional dancing here, the need for dance music and motivation on the part of local folk to take up diatonic accordion.

Hallgrim Berg

The Hallingdal valley’s tradition of playing the older traditional dance music – springar and halling – on diatonic accordion is quite unique in Norwegian folk music. When diatonic accordion first came to Norway in the 1850s, it became popular very quickly. Compared to the fiddle, this kind of accordion was easy to obtain and easier to master. It provided a powerful sound and conveyed rhythm well.

These are qualities that dancers especially appreciate!

In the beginning it was especially “Magdeburger” instruments, from Magdeburg, Germany, that were popular. As time went on, Hohner, also German, became common. Today one finds primarily Hohner instruments used in Hallingdal.

On this recording Ulf-Arne plays on four different Hohner one-row diatonic accordions. Two of them are tuned in C major, one is in G major and one is in D major.

TITLER :
1. Laus etter Aslak Holto, halling
2. Skinnbrokji, springar
3. Gauken
4. Golingsjenta
5. Lausslåtten hass Eirik Toresgard, halling
6. Jørvrengje,springar
7. Sundbreien, springar
8. Laus etter Ola Øyen, halling
9. Grisegjerde, springar
10. Skinntrøya, springar
11. Sjugurd i peise, springar
12. Har du`kje hoppa, halling
13. Purka i grinden, springar
14. Inkji sutra e og inkji gret e, springar
15. Vesle-Kari Rud, springar
16. Grårisingen, halling

Produsent :Ulf -Arne Johannesen
Lyd og Mastering: Tom Kalsrud
Grafisk Formgiving: Bernt Kulseth, Selbu trykk

Takk til: Anders Lunden Herrefoss

Støttet av:
Norsk Kulturråd, RFF ,Ål spel og dansarlag, Skue Sparebank, Ål Musikkråd, Geilo Spelemannslag

SKU: EM104