Frå morgon til kveld
Artister |
Knut Myrran |
---|
kr 180
EM132
«Er det ein spesiell slått du har lyst å lære, Harald?»
-Hei Harald, kom inn! No har e venta på deg.
Slik møter Knut meg i døra i dag, og slik møtte han meg fyrste gong for over 30 år sidan.
I ungdomen min var eg heldig å få koma til Knut for å lære slåttespel.Eg tok mot til meg, ringde til den landskjende spelemannshøvdingen og var velkomen med ei gong.
Det vart turar til Nesbyen mest annankvar veke eit par vetrar, med besøk i den trivelege heimen til Evelyn og Knut. Kveldar med slåttelæring, spelteknikk og spelemannssoger frå eit rikt spelemannsliv. Sidan har det vorte fleire møter, om ikkje så hyppige.
Komen inn og hengt av meg jakka, går Knut raskt bort til feleskrinet. Evelyn seier:
– Ja, vi får prate seinere Harald, dere får spella først.
Fela er reinstemt og oppspelt. Han spelar ein tre-fire slåttar og fortel litt om dei innimellom.
Det er så godt berre sitje å lye og la slåttespelet sige inn. Så er Knut klar. – Er det ein spesiell slått du har lyst til å lære, Harald?
Då kan ein velje frå øverste hylle. So spela Pål var slåtten eg hadde valgt meg ut den fyrste gongen i 1988, og den fekk eg med meg heim den kvelden. Me brukar ikkje notar, det er å lære på gamlemåten. Lytte og herme, slik hardingfelespelet har vorte vidareført gjennom generasjonar.
Knut spelar eit kort parti – eit tak, eit heilt vek – og eg prøvar å kopiere. Slik driv me på til me har vore igjennom heile slåtten.
– Nå må dere vel ha ein kaffikopp og litt å bite i…? spør Evelyn. – Må vel ha litt pause fra spellinga óg…? – Ja, me må vel det. Utan mat og drikke duger helten ikke, svarar Knut. Så kjem dei lekraste smørbrød på bordet, kaffi og kaker.
Me pratar om vêr og vind, daglegdagse ting, men praten kjem fort inn på spelemenn og slåttar att. Minnene er so mange og klåre hjå Knut. Han fortel om Torkjell Haugerud, Steingrim Haukjem, Gjermund Haugen og Johannes Dahle, m.fl. Spelemenn eg berre har lese om og høyrt opptak av.
Knut har møtt dei, han er tidsvitne, han har pusta i same lufta som dei, og eg kjenner meg privilegert som fær høyre om alle møtene med desse fordums spelemannsheltane. Det er prat om kappleikar, konsertar, feler, rigging av feler, felebogar. Evelyn som har fylgt Knut rundt i alle år, venta tålmodig når han har vore på sine spelemannsbesøk. Ho har vore med han på so mange kappleikar og har også mykje å fortelje, som ho skøyter inn. Det er lun og god kaffedrøs, lærerikt og med mykje humor og latter.