Det var en lørdagsaften
Artister |
Firo |
---|
kr 180
EM93 / 2019
Ny vår for den vokale tradisjonsmusikken frå Gudbrandsdalen.
Dei unge musikarane i folkemusikkvartetten Firo har som mål å synleggjera lite brukt vokalmusikk frå Gudbrandsdalen. I deira andre plateutgjeving presenterer dei den alderdommelege musikken som kommenterast av nyskrive musikk i tradisjonell stil.
Firo består av kvedaren Mari Midtli, Bjørn Kåre Odde på fele og bratsj, Mads Erik Odde på trekkspel og Torfinn Hofstad på fele og gitar. Sistnemnte er frå Verdal i Trøndelag, medan dei tre andre kjem frå Lom og Sel i Gudbrandsdalen.
Heilt sidan gruppa vart starta i 2016 har kvartetten satt søkelyset på gamle og ukjente viser og melodiar frå Gudbrandsdalen. I 2017 kom dei ut med debutalbumet «Arv og slarv», som seinare vart nominert til den prestisjefulle Folkelarmprisen i kategorien tradisjonelt samspel. No, to år seinare, kjem dei med oppfylgjaren «Det var en lørdagsaften».
– På denne plata har vi tatt vare på konseptet som vi alltid har hatt, nemleg å pusse støv av gamle slagarar. Men med det gamle i botnen har vi også latt oss inspirere til å skrive heilt nye ting og ta i bruk andre sine komposisjonar av nyare dato. Vi synest denne kombinasjonen er svært spennande å jobbe med. Det eine er med og lyfter fram det andre, forklarar Bjørn Kåre Odde.
Det er i størst grad kvedar og frontfigur i Firo, Mari Midtli, som har vore mest ivrig med å hente musikk frå arkiv og levande tradisjonsberarar. Ho trekkjer spesielt fram Jarnfrid Kjøk frå Garmo som ei viktig kjelde i arbeidet med plateproduksjonen.
– Fleire av låtane på plata er henta direkte frå Jarnfrid. Ho har ei enorm mengd med repertoar som er så utruleg interessant, og vi vil at fleire skal få glede av denne musikken. Difor har vi jobba mykje for å få songane til å passe inn i besetninga vår og dei musikalske preferansane vi har. Samstundes er det viktig for oss at arrangementa blir gjort på melodiane og tekstane sine premiss, for tradisjonsstoffet er så bra og interessant i seg sjølv, forklarar Midtli.
Firo har hausta strålande kritikkar for sine konsertar og debutalbumet. ”Folkemusikkens Beatles og Rolls-Royce”, skreiv Einar Almehagen i GD etter debutkonserten i Otta kulturhus i 2016. Firo har også spelt konsert saman med den kjente artisten Rita Eriksen, så det er ingen som skal seie at kvartetten ikkje er allsidige, noko Bjørn Kåre Odde trur er ein oppskrift på suksess.
Det nye albumet blir gjeve ut på Etnisk Musikklubb i oktober 2019.
FIRO:
Mari Midtli (22) – song
Bjørn Kåre Odde (29) – fele og bratsj
Mads Erik Odde (28) – trekkspel
Torfinn Hofstad (26) – fele, gitar og mandolin
www.facebook.com/firofolk
ENG:
New album from award winning Firo.
The Norwegian folk music quartet called “Firo” wants to demonstrate that old traditional songs can be cool, funny and relevant even today.
The band consists of the four well-known folk musicians Bjørn Kåre Odde (fiddle and viola), Mads Erik Odde (accordion), Torfinn Hofstad (fiddle and guitar) and of course Mari Midtli – one of Norway’s most talented folk singer.
Their debut album “Arv og slarv”, which means “heritage and gossip”, was nominated for the Norwegian Folk Music Awards in 2017. On their follow-up album they continue to cultivate their common interest for traditional folk music from their home village. The band’s biggest wish is to make more people listen to traditional music without using modern electric instruments or other elements from pop-music.
– I think we can succeed if we just express our love for the music and really make convincing performances. We tell stories and fun facts about the different songs and traditions, which makes the audience listen to our music in a much more conscious and open-minded way, explains Mari Midtli.
The new album is called “Det var en lørdagsaften”, which means something like “Once on a Saturday night”. The repertoire on this album comes mainly from archive recordings of traditional vocal music from Gudbrandsdalen.
– A major goal of ours was to find material that has remained more or less unused since it was recorded for preservation in the archives. The findings we made stretch from small snippets of songs and rhymes to skjemteviser (humorous songs), bygdeviser (village songs) and ballads.
The band reveal that you also can hear new music on the album, composed by the Firo members.
FIRO:
Mari Midtli (22) – vocals and fiddle
Bjørn Kåre Odde (29) – fiddle and viola
Mads Erik Odde (28) – accordion
Torfinn Hofstad (26) – fiddle and guitar
www.facebook.com/firofolk