Kveding I Heimetradisjon

Artister

Øyunn Romtveit

kr 180

EM71 / 2011

Eg er oppvaksen i Vinje, med den eineståande folkemusikken frå Vest –Telemark. Det var stor vyrdnad for folkemusikk i familien. Alle mine næraste song eller spila. Heilt frå eg var fødd kvoog spila dei rundt meg te dagleg, så det er ikkje så rart at kveding og felespil er min musikk. Eg er takksam som fekk vakse inn i denne musikken, og for forteljingar og sogur som fylgde med. At han eg er gift med deler interessa gjer det lett å lata den spila ei hovudrolle i livet. At eldste dotter Tone òg er blitt kvedar gjer det endå meir meiningsfylt.

Eg begynte tidleg å tulle slåttir og syngje visur. Slåtten Lappebakken (Lappen) tulla eg fyri eg kunne rø. Skomakarvisa var eg ivitydd om at eg kunne eg heilt rett. Ingen måtte tru dei kunne den betre! Heime gjekk eg rundt og rundt på golvet og song. Ikkje minst når eg fylgde buss og bil song eg. «— Takk fe songjen!» sa bussjåføren ein gong eg steig av – eg minnest eg skjæmdest noko då. Det var ikkje mykje å skjæmast ivi! Eg fekk kyt for at eg kunne syngje.

Bestefar Romtveit song jamnt når me var hjå han, likeins når han kom heim til okkon etter å ha vori på bui. Han tok av seg rupesekken, sette seg i kubbestolen, drog upp appelsinur eller kamferdrops til okkon ungane, begyndte å fortelje skrønur om alt han ha upplivd på bui – ville sogur om kva dei han hadde møtt hadde sagt og korleis dei hadde fari. Han vasa og lo – og så begynte han å syngje. Eg prøva vel ikkje å lære av bestefar, men han song kvar gong me treftest, så eg lærde anten det var medvite eller ikkje. Det var likevel mest av far min eg lærde kveding og visur. Hin bestefar min, Halvor Versto, song også godt. Han døydde då eg var tolv år, og me var ikkje så jamnleg i hop. Likevel minnest eg særleg at han song Gufseguten. På skulen fanst ikkje folkemusikk før eg kom på ungdomsskulen. Musikklæraren var innflytjar, og meinte det var viktig at me lærde om den lokale musikken. Me for på vitjing te Aslak Brekke, Brita Bratland, Lars Larsen og farbror min, Tarjei Romtveit. Brita Bratland var det gjevande å vitja. Toppen var likevel då Aslak Brekke kvo for okkon ungdomsskuleelevar. Han var litt utilpass fysst, men så fort han var igong var det ulikeleg godt! Eg var meir interessera i spil enn visur i ungdomen. I seinare år har eg litt om litt plukkka upp att visune. Eg ser det som eit stort og viktig ansvar å føre vidare den kvedartradisjonen eg sjølv har vakse opp i og høyrer til, og å gjera den meir tilgjengeleg for andre som vil bruke den. Det er derfor eg gjev ut denne plata.

Øyunn Romtveit

ENG:

I was brought up in Vinje, with West Telemark’s unique folk music. My family deeply respected this music. All of my close relatives sang or played an instrument. From birth, singing and fiddling were around me every day, so it’s not strange that traditional singing and hardanger fiddle playing is my kind of music. I am privi- leged to be part of this music, and the tales and stories that come with it. My husband shares my interest, making it easy to let music play a main role in life. My eldest daughter Tone has also taken it up, which makes it even more meaningful.

I started singing dance tunes and songs early. I sang the fiddle tune “Lappebakken” before I could speak. I was convinced I knew the Skomakarvisa (“The Shoemaker’s Song”) ex- actly as it should be. No-one could convince me that they knew it better! At home, I strolled around singing. I sang on the bus and in the car. “Thanks for the song!”, a bus driver once said as I stepped out of the bus – I remember how embarrassed I was. Today I know better, there was no reason for embarrassment. People complimented my singing !

Grandpa Romtveit always sang when we visited him, just as he did when coming to us after go- ing to the store. He took off his rucksack, sat down in the log chair, picked up oranges for uskids, started to lie about all that had happened in the store – wild histories about what peoplehe met had said, what they had done – he joked and laughed – and then he started to sing. I guess I didn’t emphasize learning from Grandpa Romtveit, but he sang every time we met, so I learned whether it was on purpose or not. However, I mainly learned songs and singing from my father. My other grandfather, Halvor Versto, also was a good singer. He died when I was twelve, and we were not together that often. I particularly remember him singing Gufseguten. In school there was no folk mu- sic until I reached junior high. The music teacher was not a local, and thought it was important that we learned about our local music. We visited singers Aslak Brekke and Brita Bratland, and the fiddlers Lars Larsen and my uncle Tarjei Romtveit. It was reward- ing to visit Brita Bratland, and great when Aslak Brekke sang for us. First he felt it was awkward, but as soon as he got started, it was incredible! In my youth, fiddle music interested me more than songs. In later years, little by little I picked up singing again. I feel a strong responsibility to pass on the singing tra- dition I grew up with and belong to, and to make it more available for others to share. That is why I have recorded this CD.

Øyunn Romtveit

Produktnummer: EM71