Kring skorve – Seljordstrond Før Og No

Artister

Various Artists

kr 300

EM89 / 2011

Seljord har vel aldri hatt eit så blømande folkemusikkmiljø som i dag, med 35 hardingfeleelevar i kulturskulen og 60 unge dansarar og kvedarar i Tusseleiken. I ei bygd på knappe 3000 personar er dette ein stor prosent av befolkninga! Difor gjev Seljord spelemannslag ut sin fyrste CD når me nå arrangerar Landskappleiken 2011 i Seljord.

Dette er ein dobbel-CD, der ei plate inneheld arkivopptak med avlidne utøvarar frå Seljord, medan den andre syner folkemusikkmiljøet i bygda i dag. Seljord har gjennom tidene hatt eit rikt folkemusikkmiljø. Alt fyrst på 1900-talet blei det gjort plateinnspeling med Eilev Smedal( f. 1889).

Etter han, og medrekna personar fødde på 1930-talet, finst 21 avlidne utøvarar det er gjort opptak med. Tru om ein ikkje kunne rekne ut ein rekord her, samanlikna med andre kommunar, i innspela slåttar/viser per capita?

Folkemusikkmiljøet i Seljord var lenge lite organisert, og kring 1990 kunne det sjå ut til at det ville turke heilt inn – tunt med yngre utøvarar, og minkande oppslutning om tilskipingar. MenihøveopningaavidrettshallenpåGranvin kulturhus blei Seljord spelemannslag skipa i 1992, med den heimflytte spelemannen Magne Manheim som musikalsk leiar. Ymse gubbar i ulike aldrar kraup òg fram fråkrokaneogpussastøvavfela. Fyrstegongeneindeltok i lagspel på Landskappleik var i 1998, det enda med ein tredjeplass. SameplasseringafekkeinåretetterpåOppdal. Det er sagt at utan innflyttarar stoppar bygde-Noreg, ein kan spisse dette litt med å seia at utan innflyttarkvende stoppar folkemusikk-Noreg! Torunn Raftevold Rue og Ragnhild Knudsen kom til bygda, blei med i spelemannslaget frå fyrste stund og med dei i spissen blei opplæring straks ei viktig oppgåve for laget, fyrst i eigen regi, sidan i samarbeid med kulturskulen. Dette har gjeve resultat – i dag finst fleire habile og eit par svært gode frå den nye generasjonen. I yngste klasse spel hardingfele på Geilo i 2009 var 4 av 22 deltakarar frå Seljord, og i 2010 gjekk Marie Tveiten av med fyrsteplassen i si klasse på Landskappleiken på Voss! I skrivande stund er 35-40 unge under opplæring.

Utgjevinga har tittelen “Kring Skorve – Seljordstrad før og no”. Somme av dei avlidne utøvarane har fenge sine eigne CD-utgjevingar, men her har me samla alle på ein CD; slik var det før, seier ein då. Så seier me i tillegg at slik er det no, på den andre. Såleis har den eine plata namnet “Før”, og den andre “No”, der ein får høyre det beste av dei som er aktive no, både i solo og samspel og kveding, frå under 18 til over 80 år!

Dette har, etter vår meining, blitt ei flott CD-utgjeving med eit særeige design og fyldig teksthefte med rikt biletmateriale – og me må takke CD-nemnda Johan Vaa, Knut Loftsgarden og Harald Manheim, og grafisk designar Hans Inge Hagen. Etnisk Musikklubb må og takkast for at dei tok på seg å vera produsent. Vedlagt ligg liste over alle utøvarane som er med.

Plata sleppast offisielt helga før Landskappleiken, under Seljorddagane og nattope i Seljord den 24.juni kl. 22.00 i Lomoddokki midt i Seljord sentrum. Då vonar me pressa vil vera tilstades, og også få med seg konsert med Valkyrien Allstars like etterpå!

Med venleg helsing
Seljord spelemannslag
v/ leiar Hæge Manheim

SKU: EM89