kr 180

EM123

Garmo er ei bygd i Lom kommune der folkemusikken og gamaldansen har stått svært sterkt i mange generasjonar. Tettleiken av dyktige spelmenn og viktige tradisjonsberarar i bygda er, og har vore, høg gjennom ei årrekkje.

I dette prosjektet er det toradermusikken frå Garmo som er i fokus. Dei gamle slåttane som har vore spelt på torader/durspel er ikkje dokumentert i like sterk grad som felemusikken frå bygda. Difor blir denne innspelinga eineståande når det gjeld CD-prosjekt med tradisjonsslåttar frå Garmo brukt på torader, som tema.

Nokre av dei som mest har utøvd toradermusikk frå Garmo, er dei velvaksne karane Jan Fyrun, Rune Sjurgard og Olav Haugen. Desse spelmennene har lagt vekt på å vidareføre dei lokale tradisjonsslåttane som har vore spelt på durspel i Garmo. Dette gjeld særleg runddansslåttane som har vore mykje brukt til dans frå gamalt av. Desse lokale spelmennene har spelt tradisjonsmusikk på durspel sidan 70-talet.

På innspelinga blir det solospel på ein- og torader, duettar og samspel med desse tre bygdaspelmennene. Mange av slåttane har utøvarane lært direkte, eller frå eigne upptak, av opphavsspelmennene. Det blir slåttestoff av/etter blant andre Sigurd Biløygard, Lars Haugtredet, Erling Kjøk, Hans W. Brimi, Iva Kolden og Sjugurd Garmo.

Produktnummer: EM123