Fjøllmansjentun
Artister |
Skattlandet |
---|
kr 180
EM73 / 2016
Målet med utgjevinga er å lyfte fram repertoar innan langeleik-, kveding- og hardingfeletradisjonen i dei øvre bygdene i Telemark, som i mellomalderen vart kalla «Skattlandet». Tittelen er vald både for å spegle eit geografisk område og for å dokumentere eit svært rikt distrikt når det gjeld tradisjonsmusikk. Repertoaret er fyrst og fremst frå tradisjonsområda Rauland – Åmotsdal – Tinn – Møsstrond. Det er lagt vekt på å velje slåttar og viser som ikkje er dokumenterte gjennom tidlegare fonogramutgjevingar. Den musikalske profilen byggjer på variasjon med omsyn til ulike stille på hardingfele og langeleik, ulike vokale sjangrar og solistiske framføringar.
Hardingfelerepertoaret
Anne Svånaug Blengsdalen er fødd og oppvaksen i Tinn. Ho lærde å spela hardingfele av Gunnar Dahle (1902‒1988). Tinn-tradisjonen merkjer seg ut med stort utbygde og teknisk krevjande slåttar og mange felestille. Slåttane som er valde til utgjevinga, er på normalstillet og nedstilt bas.
Vokalrepertoaret
Den vokale folkemusikktradisjonen står sterkt på Møsstrond, heimbygda av Inger Lien. Attåt den heimlege tradisjonen har ho sanka stoff frå ulike område og kjelder i Telemark. Repertoaret på utgjevinga er stev, slåttestev og bygdeviser.
Langeleikrepertoaret
Folkeminnesamlaren Rikard Berge gjorde eit stort innsamlingsarbeid av folkemusikk, mellom anna nedteikningar av langeleikslåttar i tradisjon etter Ingebjørg Torsteinsdotter Rinde (1761‒1847) frå Åmotsdal, betre kjend i tradisjonen som Dauva/Dauvins-Ingebjørg, og etter Ågot Einung (1831‒1911) i Tinn. Gøril Ramo Håve, busett i Haukeli, har ut frå nedteikningane til Berge henta fram att denne tradisjonen.
The Land of Treasures with the Mountaineer Girls
This album presents traditional langeleik, Hardanger fiddle and vocal music from the interior of Telemark, districts that were referred to as Skattlandet [The Land of Taxation] from the Middle Ages. In Norwegian, “skatt” means both “tax” and “treasure”, and in the album the title refers both to the geographical region and to its rich folk music tradition. The repertoire, most of which is not previously released in any sound production, comes primarily from the communities of Rauland, Åmotsdal, Tinn and Møsstrond. The album presents solo and ensemble performances, various vocal genres and different tunings on the fiddle and the langeleik.
Hardanger fiddle repertoire Fiddler Anne Svånaug Blengsdalen was born and raised in Tinn. She learned Hardanger fiddling from Gunnar Dahle (1902-1988), grandchild of Knut Dahle (1834-1921), both outstanding fiddlers of the Tinn tradition. This tradition is distinguished by intricately developed, technically demanding tunes and numerous fiddle tunings. Tunes selected for the album use the normal Hardanger fiddle tuning [a d’ a’ e” – sympathetic strings: (b) d’ e’ f#’ a’] and nedstilt bas [low bass: g d’ a’ e” – sympathetic strings: (b) d’ e’ g’ a’].
Vocal repertoire Vocal artist Inger Lien’s home community of Møsstrond has a strong, living vocal tradition. In addition to her local tradition, she has gathered material from singers in other parts of Telemark. The repertoire here includes stev [short lyrical verses], slåttestev [short verses associated with dance tunes] and local ballads.
Langeleik repertoire The langeleik is a Norwegian plucked/strummed stringed instrument in the zither family, a relative to the scheitholt (Ger), hummel (Swed), épinette (Fr) and dulcimer (Am). It has one melody string and several drone-strings, and rests on a table for playing. Folklorist and collector Rikard Berge (1881-1969) left behind a great deal of folk music, including transcriptions of langeleik-playing in tradition after Ingebjørg Torsteinsdatter Rinde (1761-1847), known as “Dauva/Dauvins-Ingebjørg”, from Åmotsdal; and after Ågot Einung (1831-1911) from Tinn. By way of Berge’s transcriptions, the langeleik player Gøril Ramo Håve, living in the community of Haukeli, has revived this tradition. In Telemark, many langeleik tunes found their way into the fiddling repertoire. Gøril, who has brought several of these tunes back to the langeleik.
Sporliste /Tracklist:
1 Fjøllmannsjenta
2 Telemarksvise
3 Morten Sålebinder
4 Bordkøyaren
5 Kvennesslåtten
6 Mitt liv
7 Fjellbekken, springer
8 Gangar frå Bø
9 Haugelåtten
10 Stevrekkje frå Møsstrond
11Springar etter Gunnulf Borgen
12 Møsstrondsfenta
13 Grotnesen
14 Fenta
15 Tru eg ha´ vore heime
16 Bøkarrennaren
17 Møsstrondkyrkja
18 Førnesbrunen
19 Sandsdalsgangar
20 Stegaruden
21 Springar frå Rauland
22 Skuldalsvisa
23 Du snille Pær